Vassendgutane er ei musikkgruppe frå Ørsta i Møre og Romsdal. Bandet blei etablert i 1996 og har gjeve ut fleire plater. Vassendgutane er på mange måtar ein heilt eigen genre, men spelar for det meste countrymusikk og dansebandmusikk. Musikken består av folkeleg country med eigne tekstar og melodiar, tema i mange av tekstane er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv. Bandet har gjeve ut fire plater, men det store gjennombrotet kom i 2005 med cd-en Ungkar med dobbelseng som har selt til gull. Bandet var sommaren 2007 eit av dei klart mest populære festivalbanda i Noreg. Nokre av bandet sine mest kjende songar er Ungkar med dobbelseng, Granada, Hei Reidar og I ei 60 sone.
Medlemmer av Vassendgutane
Lars Egil Vågseter, steelgitar Ernst O. Brune, trekkspel Arthur J. Bjørdal, vokal og gitar Bjørn Marius Øyehaug, trommer Sindre Aam, vokal og bass Rune S. Brautaset, vokal og gitar
Plater Pylse og konjakk (2000) Køyr mej ned til Vik (singel, 2001) Gi clutch (2002) Ungkar med dobbelseng (2005) XO (2008) Riskrem & Entrekått (2011) Festi ekje slutt – Beste HITtil (2012) Ej & du & metoo (2018)
Kjende songar Ungkar Med Dobbelseng Granada Båtfolk Hjortejakt I ei 60 sone Silikon i tatti
Kjelder
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:Norske danseband Kategori:Ørsta kommune Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1996 Kategori:Vassendgutane