Falakró (gresk Φαλακρό όρος, 'snautt fjell') er eit fjell nord i Hellas i periferieininga Dráma, nær grensa til Bulgaria. Den høgaste fjelltoppen, Profitis Ilias, er 2232 moh.
Det tradisjonelle tyrkiske namnet på fjellet er Bozdağ ('gråfjell') som har gjeve det bulgarske Bozdag (Боздаг). Eit anna bulgarsk namn på fjellet, som blei brukt under den bulgarske okkupasjonen av området under andre verdskrigen, er Mramoritsa (Мраморица, 'marmor[fjellet]').
Det ligg eit skisenter på fjellet. I tillegg til ein skiheis har det ein kafé på 2111 meters høgd.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Falakro» frå , den 12. august 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Hellas Kategori:Periferieininga Dráma