Johan Sverdrup () var ein norsk politikar for Venstre og statsminister i tida 1884-1889. Han vert ofte kalla faren til den norske parlamentarismen.
Sverdrup kom inn på Stortinget i 1850, først som representant for Jarlsberg og Larvik amt og sidan for Akershus. Han var stortingspresident frå 1871 til 1884, som var den tida ordskiftet om parlamentarismen vart ført. Han bygde opp eit sterkt politisk parti (Venstre) med støtte frå bøndene, og klarte å etablera ei sterk konstitusjonell regjering som praktisk talt øydela den kongelege politiske makta. Sverdrup ønskte at Stortinget skulle vere den dominerande statsmakta, at stemmeretten burde utvidast for å styrka Stortinget, og at statsrådane burde delta i stortingsmøta for at Stortinget skulle få større innverknad på dei.
Sverdrup sette i verk 89 lovforslag i løpet av sin periode, som mellom anna var reformer av rettssystemet. Han klarte derimot ikkje å gjera dei radikale tilhengjarane av partiet, og måtte søka støtte hos liberal-moderatane. Han blei tvinga til å gå av i 1889 og døydde 17. februar 1892 i Kristiania (i dag Oslo).
Sjå òg Regjeringa Sverdrup Lengst sitjande norske statsministrar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Norske statsministrar Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold-byane Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske fjellklatrarar Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund