Kyllíni (gresk Κυλλήνη) eller Kyllene, stundom kalla Zíria (gresk Ζήρια) er eit fjell på Peloponneshalvøya i Hellas. Det stig til 2 374 moh. og er det nest høgaste på halvøya. Det ligg nær grensa mellom dei historiske områda Arkadía og Akhaía, nordaust i Arkadía og i det som i dag er Korinthía. Fjellet ligg vest for byen Korint, nordvest for Stymfalía, nord for Trípoli og sør for Dervéni.
I gresk mytologi vart Hermes fødd i ei heilag grotte i fjellet. I antikken stod det eit tempel og ein statue tileigna han på toppen av fjellet. Kyllene var ei fjellnymfe (ein oreade), som heldt til på fjellet. Pleiadane vart òg fødde på Kyllíni.Apollodoros, 3.10. 1 Hyginos skriv at det var på Kyllíni at sjåaren Tiresias endra kjønn etter at han slo to slangar som para seg.Hyginus, Fabulae 75 (oms. Grant) (Roman mythographer C2nd A.D.)
Mykje av fjellet er bert og steinete, men under 2 000 meter kan ein finne store skogområde. Det ligg eit observatorium på 908 meter. Frå toppen kan ein sjå store del ar av det nordaustlege Peloponnes, inkludert dei austlege områda av Akhaía og Aroánia (Khelmós), Korintbukta og det meste av Korinthía. Dei næraste fjellkjedene er Olíjyrtos i sør og Aroánia (Khelmós) i vest.
Næraste stader Feneós Kastaniá Kesári, søraust Goúra, sørvest
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Kyllini» frå , den 23. august 2007.
Bakgrunnsstoff http://www.pbase.com/dead_poet/ziria http://www.gianniskofinas.com/Vouna/ziria/z.htm http://www.loizosgroup.com/Greek/M35K.htm http://www.mountains.gr/geographia/ziria.html http://www.oreivatein.com/page/mountains/q_z/ziria/ziria_f.htm
Kyllini Kyllini