Tingnes kyrkje, tidlegare Tingnes kapell, ligg på Fagernes i Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Arkitekt for bygget var Kjell Stenersen. Bygget er forma i eit vifteplan, er bygd i tre og har plass til 400 personar. Då Tingnes kyrkje vart innvigd i 1972, vart det oppretta eit eige kapelldistrikt under Skrautvål sokn. Tingnes har vore eige kyrkjesokn frå 1998.
Kjelder Norges Kirker: «Tingnes kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning
Bakgrunnsstoff
Om Tingnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Oppland» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Nord-Aurdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1972 Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti