Austrheim kyrkje er ei langkyrkje frå 1865 i Austrheim kommune i Vestland fylke.
Kyrkja er bygd i tre og har 450 plassar.
Det har vore kyrkje på staden sidan i mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Austrheim-kyrkja nemnd i kjeldene er 1329, men det finst eldre inventar teke vare på som peikar mot at kyrkjestaden er langt eldre. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje som vart erstatta av ei lafta kyrkje som fyrste gong er nemnd i rekneskap frå 1659. 1600-talskyrkja vart riven i 1865 i samband med bygginga av den noverande kyrkja.
Austrheim kyrkje er soknekyrkje i Austrheim sokn i Lindås prestegjeld i Nordhordland prosti.
Kjelder Norges Kirker: «Austrheim kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Austrheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Om Austrheim kyrkje på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Austrheim Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Austrheim Kategori:1865 i Noreg