Nikita Sergejevitsj Khrusjtsjov (), russisk Никита Сергеевич Хрущёв , var ein av leiarane i Sovjetunionen under den kalde krigen. Han var fyrstesekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet frå 1953 til 1964, og leiar av ministerrådet, eller statsminister, frå 1958 til 1964. Khrusjtsjov var ansvarleg for den delvise avstaliniseringa av Sovjetunionen, for å følgje opp framgangen i det tidlege romprogrammet, og for fleire relativt liberale reformer i innanrikspolitikken i landet. Partikollegaene til Khrusjtsjov fjerna han frå makta i 1964, og erstatta han med Leonid Brezjnev.

Khrusjtsjov vart fødd i den russiske landsbyen Kalinovka i 1894. Han var metallarbeidar i ungdommen, og under den russiske borgarkrigen var han politisk kommissær. Med hjelp av Lazar Kaganovitsj, steig han i gradane i det sovjetiske hierarkiet. Han støtta utreinskinga til Stalin, og godkjende tusenvis av arrestasjonar. I 1939 sende Stalin han til Ukraina for å styre der, og han heldt fram utreinskinga. Under det som i Sovjetunionen var kjent som «den store fedrelandskrigen» (den andre verdskrigen), vart Khrusjtsjov igjen kommissær, og tente som mellommann mellom Stalin og generalane hans. Khrusjtsjov var med i det blodige slaget om Stalingrad, noko han var svært stolt av. Etter krigen vende han tilbake til Ukraina, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og vart ein av dei nære rådgjevarane til Stalin.

Dei politiske arvingane til Stalin slåst om makta etter at han døydde i 1953, og Khrusjtsjov gjekk, etter fleire år, sigrande ut av kampen. 25. februar 1956, på den tjuande partikongressen, heldt han «den hemmelege talen», der han kritiserte Stalin og innleidde ein mindre undertrykkjande periode i USSR. Innanrikspolitikken hans, som tok sikte på å betre liva til vanlege sovjetborgarar, var ofte lite effektiv, spesielt når det gjaldt landbruk. Khrusjtsjov håpa etter kvart på å kunne stole på rakettar når det gjaldt forsvar av landet, og gav difor ordrar om kutt i vanlege militære styrkar. Trass i kutta var perioden under Khrusjtsjov den mest spente i den kalde krigen, og krigen nådde høgdepunktet sitt med Cubakrisa.

Uheldige sider ved politikken til Khrusjtsjov gjorde han mindre populær og potensielle motstandarar sterkare. Dei avsette han i oktober 1964, men han møtte ikkje den same døyelege lagnaden som tidlegare sovjetleiarar som hadde mista makta. Han vart pensjonert med ei leilegheit i Moskva og ein datsja på landet. Sjølvbiografien hans vart smugla ut i vest og delvis utgjeven i 1970. Khrusjtsjov døydde i 1971 av hjarteåtak.

Tidlege år Khrusjtsjov vart fødd 15. april 1894Tompson 1995, s. 2. Rapportar frå sovjettida fortel at fødselsdatoen hans er 17. april (5. april i den julianske kalenderen), men nyleg har ein funne fødselsattesten hans, og biografane har godteke 15. april som fødselsdatoen hans. i Kalinovka,Taubman 2003, s. 20. ein landsby som i dag ligg i Kursk oblast i Russland.Taubman 2003, s. 18. Foreldra hans, Sergej Khrusjtsjov og Ksenia Khrusjtsjova, var fattige bønder av russisk opphav og hadde ei dotter som var to år yngre enn Nikita, Irina. Sergej Khrusjtsjov var tilsett i ei rekkje stillingar i Donbas-området langt aust i Ukraina – han arbeidde som jernbanemann, som gruvearbeidar og på ein mursteinsfabrikk. Løningane var mykje høgare ved Donbas enn i Kursk-området, og Sergej Khrusjtsjov forlét stort sett familien sin i Kalinovka, og vende tilbake dit når han hadde nok pengar.Tompson 1995, s. 2–3.

Kalinovka var ein bondelandsby, og læraren til Khrusjtsjov, Lydia Sjevtsjenko, sa seinare at ho aldri hadde sett ein landsby så fattig som Kalinovka hadde vore.Taubman 2003, s. 27. Nikita arbeidde som gjetar frå han var liten av. Han gjekk på skule i til saman fire år, delvis på den kyrkjelege skulen i landsbyen og delvis hjå Sjevtsjenko på den offentlege skulen i Kalinovka. Ifølgje Khrusjtsjov i biografien sin, var Sjevtsjenko ein fritenkjar som irriterte landsbybuarane ved ikkje å gå i kyrkja, og då ho fekk besøk av broren, gav ho guten bøker som var forbodne av regjeringa.Taubman 2003, s. 26. Ho oppmoda Nikita om å ta vidare utdanning, men økonomien i familien tillét ikkje dette.

I 1908 flytta Sergej Khrusjtsjov til Juzovka i Donbas-området. Fjorten år gamle Nikita flytta etter same året, medan Ksenia Khrusjtsjova og dottera hennar kom seinare.Taubman 2003, s. 30. Juzovka endra namn til Stalino i 1924, og til Donetsk i 1961, og låg i hjartet av eit av dei mest industrialiserte områda i Det russiske imperiet. Etter at guten i korte periodar hadde prøvd seg i andre yrke, fann foreldra hans ein lærlingplass til han som metallarbeidar. Då han var ferdig som lærling, vart tenåringen Khrusjtsjov tilsett på ein fabrikk.Tompson 1995, s. 6–7. Han mista denne jobben då han samla inn pengar for familiane til offera for Lena-massakren, og vart tilsett i ei gruve i nærliggjande Rutsjenkovo, der han reparerte utstyr.Taubman 2003, s. 37–38. På same stad hjelpte han også til med å dele ut og organisere offentleg opplesing av Pravda.Tompson 1995, s. 8. Han har seinare sagt at han vurderte å emigerere til USA for å få betre løn, men gjorde det ikkje.Carlson 2009, s. 141.

Då den fyrste verdskrigen braut ut i 1914, var Khrusjtsjov, som faglærd metallarbeidar, unnateken frå verneplikt. Han var tilsett på ein verkstad som hadde oppdrag for ti gruver, og Khrusjtsjov var involvert i fleire streikar for høgare løn, betre arbeidsforhold og slutt på krigen.Tompson 1995, s. 8–9. I 1914 gifta han seg med Jefrosinia Pisareva, som var dotter av heisoperatøren i Rutsjenkovo-gruva. I 1915 fekk dei ei dotter, Julia, og i 1917 ein son, Leonid.Taubman 2003, s. 38–40.

Etter at tsar Nikolaj II abdiserte i 1917, fekk den nye provisoriske regjeringa i St. Petersburg liten innverknad over Ukraina. Khrusjtsjov vart vald inn i arbeidarrådet (eller sovjetet) i Rutsjenkovo, og i mai det året vart han leiar i rådet.Taubman 2003, s. 47. Han vart ikkje med bolsjevikane før i 1918, året då den russiske borgarkrigen, mellom bolsjevikane og ein samanslutnad av motstandarar under namnet den kvite armeen, byrja så smått. Biografen til Khrusjtsjov, William Taubman, føreslår at grunnen til at han vart med bolsjevikane så seint, var at han følte seg meir heime hjå mensjevikane, som prioriterte økonomisk framgang, medan bolsjevikane søkte politisk makt.Taubman 2003, s. 47–48. I sin eigen biografi, gjev Khrusjtsjov uttrykk for at han venta fordi det var mange grupper, og det var vanskeleg å halde styr på dei.

I mars 1918, då bolsjevikregjeringa inngjekk ein eigen fredsavtale med sentralmaktene, okkuperte tyskarane Donbas, og Khrusjtsjov flykta til Kalinovka. Seint i 1918 eller tidleg i 1919, vart han mobilisert til Den raude armeen som politisk kommissær.Taubman 2003, s. 48–49. Denne posten hadde vorte introdusert etter kvart som bolsjevikane byrja å bruke færre arbeidaraktivistar og fleire militærrekruttar. Arbeidsoppgåvene omfatta opplæring av rekruttar i prinsippa for bolsjevismen og fremjing av troppsmoral og beredskap til kamp.Taubman 2003, s. 50. Etter å ha byrja som kommissær i ein opplæringstropp, vart Khrusjtsjov etter kvart kommissær for ein opplæringsbataljon, og han vart send frå fronten til eit tomånaders politisk kurs. Den unge kommissæren var mange gonger i skotlinja,Tompson 1995, s. 12. men likevel handla mange av krigshistoriene han fortalde seinare i livet meir om den kulturelle uvissa han (og troppen hans) opplevde, heller enn om kamp. I 1921 var borgarkrigen over, og Khrusjtsjov vart demobilisert og tildelt ein arbeidsbrigade ved Donbas, der han og mennene hans måtte leve under dårlege forhold.

Krigane hadde ført til vidfemnande øydeleggingar og hungersnaud, og eit av offera for svolt og sjukdom, var kona til Khrusjtsjov, Jefrosinia, som døydde av tyfus i Kalinovka medan Khrusjtsjov var i hæren. Kommissæren Khrusjtsjov vende tilbake ved gravferda hennar og nekta, lojal mot dei bolsjevikiske prinsippa, kista til kona si å verte boren inn i den lokale kyrkja. Sidan den einaste vegen til gravplassen gjekk gjennom kyrkja, vart kista løfta og send over gjerdet som gjekk rundt kyrkjegarden, noko som sjokkerte landsbybuarane.

Partitilsett Åra i Donbas Med hjelp frå ein ven, vart Khrusjtsjov i 1921 assisterande direktør for politiske saker i Rutsjenkovo-gruva i Donbas-området, der han tidlegare hadde arbeidd.Taubman 2003, s. 52. På den tida var det få bolsjevikar i området, og rørsla var delt i synet på den nye økonomiske politikken til Lenin. Denne tillét til ein viss grad private føretak, og dette vart sett på som ein ideologisk tilbakegang av ein del bolsjevikar. Sjølv om arbeidsområdet til Khrusjtsjov var politikk, involverte han seg også i det praktiske med å få opp att full drift i gruva etter kaoset i krigsåra. Han hjelpte til med å få i gang att maskinene (viktige delar og papir hadde vorte fjerna av dei som tidlegare hadde ått gruva), og han hadde på seg dei gamle gruvekleda sine når han gjekk på inspeksjon.Taubman 2003, s. 54–55.

Khrusjtsjev hadde ein framgangsrik karriere i Rutsjenkovo-gruva, og i midten av 1922 fekk han tilbod om å verte direktør for den nærliggjande Pastukhov-gruva. Men han tok ikkje imot jobbtilbodet, fordi han i staden ville prøve å knyte seg til den nyleg etablerte universitetsavdelinga for teknikk (tekhnikum) i Juzovka, sjølv om dei overordna i gruva hadde lite lyst til å gje slepp på han. Fordi han berre hadde fire års formell utdanning, søkte han seg inn på opplæringsprogrammet (rabfak) for tekhnikum. Dette var oppretta for å få studentar med lite utdanning opp på eit vidaregåande nivå, noko som var kravd for å kome inn på tekhnikum.Taubman 2003, s. 55. Medan han gjennomførte rabfak, heldt Khrusjtsjov fram arbeidet sitt i Rutsjenkovo-gruva.Tompson 1995, s. 14. Ein av lærarane hans skildra han seinare som ein dårleg student. Han hadde meir suksess når det gjaldt forfremjing i kommunistpartiet. Ikkje lenge etter at han vart med i raikom i august 1922, vart han utnemnd til partisekretær for heile tekhnikum og medlem av byrået – styrerådet – i partikomiteen for byen Juzovka (som endra namn til Stalino i 1924). Han var ei kort stund med i støttegruppa for Lev Trotskij mot Josef Stalin når det gjaldt spørsmålet om demokrati i partiet. Alle desse aktivitetane gav han lita tid til studia, og sjølv om han seinare hevda å ha fullført rabfak-studia, er det uklart om dette var sant.Taubman 2003, s. 56–57.

I 1922 møtte og gifta Khrusjtsjov seg med den andre kona si, Marusia (jentenamnet hennar er ukjent). Dei to vart ikkje lenge etter separerte, men Khrusjtsjov hjelpte seinare Marusia, spesielt då dottera Marusia hadde frå eit tidlegare forhold vart alvorleg sjuk. Ikkje lenge etter det mislukka ekteskapet, møtte Khrusjtsjov Nina Petrovna Kukhartsjuk, ein velutdanna partiorganisator og dotter av velståande ukrainske bønder.Taubman 2003, s. 58–59. Dei to levde saman som mann og kone resten av livet til Khrusjtsjov, sjølv om dei ikkje registrerte ekteskapet sitt før i 1965.Tompson 1995, s. 15–16.

Midt i 1925 vart Khrusjtsjov utnemnd til partisekretær for Petrovo-Marinskij raikom, eller distrikt, nær Stalino. Raikomet var om lag 1 000 km² stort, og Khrusjtsjov var konstant på reisefot i området sitt, og viste interesse for sjølv småsaker.Tompson 1995, s. 16–17. Seint i 1925 vart Khrusjtsjov vald til observatør til den fjortande kongressen i det sovjetiske kommunistpartiet i Moskva.Taubman 2003, s. 63.

Hjelp frå Kaganovitsj