Knut Walde () er ein norsk fotballspelar som spelar for SK Brann.

Han slo gjennom sesongen 2002 i Brann, der han hadde kome frå SK Trane. Same år fekk han to kampar for U21-landslaget. Etter at Mons Ivar Mjelde tok over treneransvaret fekk derimot Walde liten tillit, og i 2004 vart han lånt ut til Haugesund. Året etter vart han lånt ut til Løv-Ham, og hausten same år vart overgangen gjort permanent. Knut Walde er storebror til Arve Walde som spelar for Løv Ham, og var i sesongane 2006 og 2007 kaptein for Løv-Ham.

Halvvegs ut i 2007-sesongen vart det klart at Walde igjen ville returnere til SK Brann.

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Løv-Ham-spelarar Kategori:Fotballspelarar frå Bergen