Gardasjøen (italiensk Lago di Garda eller Benaco) er den største innsjøen i Italia. Han ligg nord i landet, om lag halvvegs mellom Venezia og Milano. Gardasjøen ligg i eit fjellområde og vart danna av isbrear under den siste istida. Av provinsar rundt innsjøen finn ein Verona (i søraust), Brescia (sørvest) og regionen Trentino i nord. Innsjøen er ein stor turistdestinasjon med mange hotell og feriestader langs breidda.
Geografi thumb|Utsyn over sørdelen av sjøen nær Peschiera del Garda med Brescia-fjella. Måla etter 1533 av Girolamo dai Libri. Den nordlege delen av innsjøen er smalare enn resten og omgjeven av fjell, som stort sett høyrer til Gruppo del Baldo. Han har her ei form som er typisk for ein morenedal. Sjølv om ein kan sjå spor etter isbreane meiner ein at isbreen låg i ein dal som alt var danna av elveerosjon for 5 til 6 millionar år sidan.
Innsjøen har fem øyar og den største av dei er Isola del Garda. Naboøya Isola San Biagio vert òg kalla Isola dei Conigli («Kaninøya»). Begge ligg utanfor San Felice del Benaco i Brescia. Dei tre mindre øyane er Isola dell'Olivo, Isola di Sogno og Isola di Trimelone.
Den største elva som munnar ut i innsjøen er Sarca, medan Mincio er det einaste utsiget.
Av dyreliv finn ein Salmo carpio, ein lakseart som berre finst i Gardasjøen. Andre artar er: Laue Aure Årbuk Karpe Ål Lake, Lota lota, ein art av torskefamilien. Gjedde Åbor Suter
Stader og attraksjonar
Den gamle festningsbyen Sirmione ligg i sørenden av innsjøen og er ein særleg populær turistattraksjon. Den vakre borga Scaliger er frå 1200-talet. Den romerske villaen var heimstad til diktaren Catullus. Svovelkjeldene ved enden av halvøya har rykte på seg for å vere lækjande for katarr, særleg når ein har det i øyre.
I nærleiken ligg Gardaland, ein av dei mest kjende parkane i Italia.
+Kommunar rundt Gardasjøen Trentino-Alto Adige Veneto Lombardia Provinsen Trento(med klokka frå vest til aust) Provinsen Verona(med klokka frå nord til sør) Provinsen Brescia(med klokka frå sør til nord) Riva del Garda Nago-Torbole Malcesine Brenzone Torri del Benaco Garda Bardolino Lazise Castelnuovo del Garda Peschiera del Garda Sirmione Desenzano del Garda Lonato Padenghe sul Garda Moniga del Garda Manerba del Garda San Felice del Benaco Salò Gardone Riviera Toscolano-Maderno Gargnano Tignale Tremosine Limone sul Garda
mini|centre|600px|Utsyn frå Torbole over innsjøen.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Garda» frå , den 7. november 2007.
Bakgrunnsstoff
Komplett guide til Gardasjøen med over 300 bilete Reiseguide Gardasjøen-magasinet Webkamera frå Gardasjøen Mondophoto.net - 250 bilete av Gardasjøen og Sirmione
Kategori:Innsjøar i Italia Kategori:Trentino-Alto Adige