Idrosjøen (italiensk Lago d'Idro, òg Eridio frå latin Eridius lacus) er ein innsjø som ligg i provinsen Brescia (Lombardia) og i provinsen Trento (Trentino-Alto Adige).

Med ei høgd på 368 meter over havet er han den høgastliggande innsjøen i Lombardi før Alpane. Innsjøen får hovudsakleg vatn frå elva Chiese, som òg er det einaste utsiget. Idrosjøen dekkjer eit areal på 11,4 km² og er 122 meter på det djupaste.

Rundt innsjøen ligg det skogkledde fjell. Han har ei kystlinje på 24 km, som vert delt mellom fire kommunar: Idro, som har gjeve namn til innsjøen, Anfo, Bagolino og Bondone.

Idrosjøen har alvorlege problem med eutrofiering som følgje av dårlege kloakksystem kring innsjøen og bruken av elvane inn i innsjøen for kunstig vatning. I tillegg vert elvane nytta til produksjon av vasskraft. Innsjøen har derfor vorte ein konflikt mellom miljømessige, jordbruket og straumindustrien sine omsyn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Idro» frå , den 7. november 2007 k. oppgav desse kjeldene: http://www.ise.cnr.it/limno/schede/idro.htm Salviamo il lago d’idro

Kategori:Innsjøar i Italia Kategori:Lombardia Kategori:Trentino-Alto Adige