mini|Bygningar ved gruva i Knaben mini|Fjotland kyrkje Fjotland er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke, i dag ein del av Kvinesdal kommune. Fjotland var eigen kommune frå 1837 til 1840 og frå 1858 til 1963.
Kommunesoge Fjotland herad vart fyrste gong oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1838. Alt tre år etter, i 1841, vart Fjotland innlemma i Kvinesdal kommune, og slik var det til Fjotland vart skild ut att frå Kvinesdal som eige herad i 1858. Ved andre skipinga budde det 1044 personar i heradet. Sidan det store kommunebrigdet i 1964 har Fjotland igjen vore del av Kvinesdal kommune. I denne nyaste kommunedanninga inngår også den tidlegare kommunen Feda.
Den norske kyrkja Fjotland er eit sokn Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme. Då ordninga med prestegjeld vart avvikla i 2004 høyrde soknet til Kvinesdal prestegjeld.
Vegar Riksveg 42 går gjennom Fjotland. På Kvinlog kryssar den med Riksveg 465.
Kjelder Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen», Statistisk Sentralbyrå, 1999. s. 36-41
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Kvinesdal Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1963 Kategori:Historie i Kvinesdal