Johannes Gjerdåker () var ein norsk historikar, filolog, poet og omsetjar frå Voss.David Aasen/Det Norske Samlaget: Gjendiktaren - Johannes Gjerdåker (1936-2020) - Klassekampen 8. mai 2020
Gjerdåker studerte ved Universitetet i Oslo, dreiv sitt eige Vestanbok forlag, skreiv lokalhistoriske bøker, bygdebøker og bedriftssoger og gav ut ei rad attdiktingar. Gjerdåker var målmann, gav ut skrifter av Ivar Aasen og var lenge fast spaltist i Avisa Hordaland. Han skreiv òg mange innlegg i Dag og Tid og andre aviser og tidsskrift.Birgisson, B. (2020, 30. april). Johannes Gjerdåker (1936-2020). Dag og Tid, s. 25.
Han omsette òg Beatles' «When I’m Sixty-Four» for Ivar Medaas og Joni Mitchells «Both sides now» for Herborg Kråkevik.
Til 70-årsdagen hans i 2006 vart han tileigna eit festskrift. Vennen Nils Ryum hadde også omsett William Goldings Arvtakerne som ei gåve til jubilanten.
Eit utval bøker
Prisar og utmerkingar Han fekk i 1996 Bastianprisen for gjendiktinga av Robert Burns sine Dikt og songar og fekk Melsomprisen i 1999. I 2005 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing (for Odar av Horats, andre samling.) Han fekk Voss kommunes kulturpris i 1992, og i 2001 fekk han Hønnørprisen frå fondet til Halldor O. Opedal.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Johannes Gjerdåker hjå Nasjonalbiblioteket. «Johannes Gjerdåker» av Eivind Myklebust på Allkunne
Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske filologar Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Folk frå Voss Kategori:Målfolk Kategori:Vinnarar av Bastianprisen