Veisiejis er ein innsjø sør i Litauen i Lazdijai fylke. Han ligg om lag 6 km sørvest for byen Veisiejai. Innsjøen er smal og har utsjånad som ei elv og breidda er bratt og høg. Veisiejis har 13 øyar (totalt areal 0,322 km²). Han har kontakt med innsjøen Niedas. Av landsbyar rundt innsjøen finn ein Paveisiejai, Navikai, Gerveliai, Sapiegiškiai, Paveisininkai, Burbai, Palačionys, Purviniai, Subačiai og Kalviai.

Veisiejis hadde eit areal på 4,44 km² fram til 1956, men etter at vasskraftverket Kapčiamiestis vart bygd rann Veisiejis i saman med Nadorius og Uosis.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Veisiejis» frå , den 23. januar 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Litauen