Torunn er ei eit kvinnenamn med opphav i det norrøne namnet Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.

Namnet var nesten ikkje bruke i Noreg på 1800-talet, derimot var mange målføreformer, som Taran (Buskerud, Telemark), Tøran (Oppland) og Tåren (Rogaland) utbreidde.

På 1900-talet vart forma Torunn meir populær, med ein topp på 1950-talet.

I Noreg har Torunn namnedag 23. februar.

Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 var det ingen som hadde namn som byrja på Torun.

I teljinga frå 1900 var det 13 kvinner som vart manntalsførte med namna Torunn, Torund eller Torun.

I 2008 var det nær 4 600 kvinner som hadde Torunn til første fornamn.

Kjende namneberarar Torunn Ystaas (f. 1943), norsk forfattar Torunn Lauvdal (f. 1947), professor og rektor ved Universitetet i Agder Torunn Janbu (f. 1954), norsk kirurg, overlege og president i Den norske legeforening Torunn Berge (f. 1956), norsk forfattar Torun Lian (f. 1956), norsk forfattar og filmregisør Torunn Borge (1960-2014), norsk forfattar og litteraturmeldar Torun Eriksen (f. 1977), norsk jazzmusikar og tekstforfattar Torunn Herje, norsk arkeolog

Sjå òg Torgunn

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav