mini|Ggantija
Ġgantija (eller Ggantia) er eit megalittisk tempelområde på øya Gozo i Middelhavet ved Malta. Dei to templa Ġgantija var reist i steinalderen (omkring 3600-2500 f.kr.). Med ein alder på meir enn 5500 år er Ġgantija-templa dei eldste frittståande strukturane, og dei eldste religiøse byggverka i verda, Old Temples Study Foundation (OTSF) til og med eldre enn pyramidane i Egypt og Stonehenge. Templa høyrde til truleg ein fruktbarheitskult som dyrka Modergudinna og det er funne mange kvinnefigurar som ein meiner høyrde til kulten.
På maltesisk tyder Ġgantija 'som høyrer til gigantane', og ei lokal segn på Gozo seier at det var gigantar som bygd tempelet i gammal tid.
Ġgantija-templa vart gravne ut i 1827 av John Otto Bayer.art-and-archaeology.com Då han reiste frå Gozo vart ikkje templa haldne ved like og dei vart gradvis dekte med jord igjen. I 1980 vart Ġgantija-templa plasserte på UNESCO si verdsarvliste og templa vart igjen restaurert.
Bakgrunnsstoff heritagemalta.org gozo.gov.mt om Ġgantija
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ġgantija» frå , den 3. februar 2008.
Fotnotar
Ggantija Ggantija Ggantija