Hoeksche Waard er ei øy mellom elvane Oude Maas, Dordtsche Kil, Hollands Diep, Haringvliet og Spui i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Øya er stort sett ein jordbruksregion og ligg sør for Rotterdam. Hoeksche Waard består av oppdemde område (polderar) og etter St. Elizabeth-flaumen i 1421 vart det meste av området overfløymd og området har vorte gradvis tørrlagt ved hjelp av dike dei siste hundreåra.
Hoeksche Waard består av kommunane:
Binnenmaas (landsbyane Blaaksedijk, Heinenoord, Maasdam, Mijnsheerenland, Puttershoek, Westmaas og 's-Gravendeel) Cromstrijen (landsbyane Klaaswaal og Numansdorp) Korendijk (landsbyane Goudswaard, Nieuw-Beijerland, Piershil og Zuid-Beijerland) Oud-Beijerland Strijen (landsbyane Cillaarshoek, Mookhoek, Strijen og Strijensas)
Hoeksche Waard grensar til: øya IJsselmonde i nord på andre sida av Oude Maas (tunnel) øya Voorne-Putten i vest på andre sida av elva Spui (ferje) øya Dordrecht i aust på andre sida av Dordtsche Kil (tunnel) øya Goeree-Overflakkee i sør på andre sida av Hollands Diep og Haringvliet (bru)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hoeksche Waard» frå , den 12. februar 2008.
Kategori:Øyar i Nederland Kategori:Rhinen-Maas-Schelde-deltaet Kategori:Regionar i Zuid-Holland