Astrid Anna Emilia Lindgren (), fødd Ericsson, var ein verdskjend svensk barnebokforfattar.
Liv mini|Astrid Lindgren som syttenåring.
Astrid Ericsson vart fødd på garden Näs nær Vimmerby i Småland. Far hennar heitte Samuel August og mor hennar Hanna. Ho hadde ein eldre bror, Gunnar, og to yngre systrer, Stina og Ingegerd.
Etter realskuleeksamen byrja ho å arbeida i Wimmerby tidning. Då ho som attenåring vart gravid ville far til barnet, sjefsredaktør i avisa, gifta seg med henne, men ho avslo og fødde sonen Lars i København. Han budde hjå ein fosterfamilie der dei første åra.
I 1926 flytta ho til Stockholm og lærte seg maskinskriving og stenografi. I 1931 gifta ho seg med sjefen sin, Sture Lindgren. Tre år seinare var Astrids andre barn, Karin, fødd. Familien flytta i 1941 til husværet i Dalagatan, med utsikt over Vasaparken, der Astrid budde til ho døydde.
I 1944 vann ho andrepremien i ei ungjenteboktevling med boka Britt-Marie lättar sitt hjärta (på norsk Britt-Mari letter sitt hjerte) som forlaget Rabén & Sjögren hadde utlyst og året etter vann ho med barneboka Pippi Långstrump (på norsk Pippi Langstrømpe).
Astrid Lindgren døydde i Stockholm i 2002.
Dei litterære figurane til Astrid Lindgren mini|Modell av «Villa Villekulla», den eventyrlege heimen til den endå meir spanande Pippi Langstrømpe.
Astrid Lindgren skreiv gjerne om litt opprørske og ulydige barn som gjorde mykje rart. Forteljingane hennar fortalde òg varmt om barn som mangla noko - som var fattige, ikkje kjende seg elska, eller sakna ein av eller begge foreldra sine.
Dei mest kjende hovudpersonane til Lindgren er Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Mio Min Mio, Kalle Blomqvist, Ronja Røverdatter, Tjorven, Brødrene Løvehjerte, Karlson på taket, Lotta i Bråkmakergata, Rasmus på loffen og barna i Bakkebygrenda.
Omsetjingar
Dei rundt hundre bøkene til Astrid Lindgren er til saman trykka i 80 million eksemplar. Dei er i dag omsette til 77 språk. Pippi Långstrump var den første av Lindgren sine bøker som vart omsett til tysk. Boka hadde alt vorte refusert av fem tyske forlag før eit nystarta forlag i 1949 våga seg på å gje ut boka. Lindgren held seg sidan trufast på det forlaget, som mellom anna takk vera dette kom til å verte eit av Tysklands største bokforlag.
Den franske omsetjinga av Pippi som kom 1951 var strengt sensurert for det som vart sett som anarkisme og provoksjonar. Den usensurerte versjonen av Pippi Långstrump på fransk kom først i 1995.
Lindgren i samfunnsdebatten 10. mars 1976 vart det i Expressen publisert ei historie ho hadde skrive, Pomperipossa i Monismanien, etter at ho hadde oppdaga at ho hadde betalt 102 % i skatt. Finansminister Gunnar Sträng uttalte hånleg i riksdagsdebatten att forfattaren hadde rekna feil, at ho var flink til å dikta opp historier, men ikkje kunne rekna, men måtte seinare erkjenne at det ikkje var tilfellet. I riksdagsvalet same år tapte sosialdemokratane for første gong på 44 år regjeringsmakta. Lindgren meinte at dei kanskje skulle byta jobb, då det var Sträng som var flink til å dikta historier og ikkje kunne rekna.
Ho tok klar stilling mot kjernekraft før folkeavstemminga i 1980, men det som engasjerte henne mest var borne- og dyrerettsspørsmål. Ho skreiv boka Min ko vill ha roligt saman med veterinæren Kristina Forslund og førte i Expressen ein kampanje for dyrerettar i tre år.
Statsminister Ingvar Carlsson gav henne på åttiårsdagen ei dyrerettslov, Lex Lindgren, men Lindgren omtalte lova som «fisig», då lova ikkje held det han hadde lova. Engasjementet hennar var likevel med på å opne augene til forbrukarane for dyrerettsspørsmål i høgre grad.
Då ho i 1978 vart tildelt Dei tyske bokhandlarane sin fredspris skreiv ho talen Aldrig våld!, men etter å ha lese talen ville ikkje arrangørane at ho skulle halda han, sidan ho jamførte vald i heimen med vald i verda, noko dei meinte ville kunne opprøre det tyske publikumet. Lindgren meinte at om ein gav prisen til ein barnebokforfattar fekk ein rekna med at ho kom til å ta utgangspunkt i barnerommet, og om ho ikkje fekk halda talen ville ho lata vera å koma. Ho held talen og han vart trykt i store opplag og fekk gjennomslagskraft. Året etter fekk Sverige ei lov mot mishandling av born.
Prisar og utmerkingar 1950 - Nils Holgersson-plaketten 1958 - H C Andersen-medaljen 1963 - Astrid Lindgren vart som første barnebokforfattar innvald i Samfundet de Nio 1970 - Expressens barnbokslitteraturpris Heffaklumpen 1970 - Dei tyske bokhandlarane sin fredspris 1971 - Svenska Akademins store guldmedalje 1975 - Litteris et Artibus 1978 - Illis Quorum 12:e størrelsen 1987 - Tolstojmedaljen 1994 - Right Livelihood Award for sin kamp både for barns og dyrs rettar. 1997 - Årets svenske i verda
I Tyskland er heile 116 skolar kalla opp etter forfatteren.
Bibliografi i utval 1944 - Britt-Marie lättar sitt hjärtaPå norsk: 1949 - Britt-Mari letter sitt hjerte 1945 - Pippi LångstrumpPå norsk: 1946 - Pippi Langstrømpe1946 - Pippi Långstrump går ombordPå norsk: 1947 - Pippi Langstrømpe går ombord1946 - Mästerdetektiven BlomkvistPå norsk:1948 - Mesterdetektiven Blomkvist1947 - Alla vi barn i BullerbynPå norsk:1948 - Alle vi barna i Bakkebygrenda 1948 - Pippi Långstrump i SöderhavetPå norsk:1948 - Pippi Langstrømpe går til sjøs1949 - Mera om oss barn i BullerbynPå norsk:1949 - Mye moro i Bakkebygrenda1949 - Nils Karlsson-PysslingPå norsk:1950 - Per Pusling1950 - Kajsa KavatPå norsk:1951 - Koste-Kari : og andre unger1951 - Mästerdetektiven Blomkvist lever farligtPå norsk:1952 - Mesterdetektiven Blomkvist lever farlig 1952 - Bara roligt i BullerbynPå norsk: 1952 - Ingen steder som Bakkebygrenda1953 - Kalle Blomkvist och RasmusPå norsk:1954 - Mesterdetektiven Blomkvist og lille Rasmus1954 - Mio, min MioPå norsk:1955 - Mio, min Mio 1956 - Rasmus på luffenPå norsk:1957 - Rasmus på loffen1957 - Rasmus. Pontus och TokerPå norsk:1958 - Rasmus, Pontus og Trille1958 - Barnen på BråkmakargatanPå norsk:1958 - Barna fra Bråkmaker-gata1959 - SunnanängPå norsk: 1960 - Sunnaneng 1960 - MadickenPå norsk:1961 - Marikken 1961 - Lotta på BråkmakargatanPå norsk:1964 - Lotta fra Bråkmaker-gata1963 - Emil i LönnebergaPå norsk:1964 - Emil fra Lønneberget1964 - Vi på SaltkråkanPå norsk:1965 - Vi på Saltkråkan 1973 - Bröderna LejonhjärtaPå norsk:1974 - Brødrene Løvehjerte 1981 - Ronja RövardotterPå norsk:1981 - Ronja Røverdatter 1991 - Hujedamej och andra visor av Astrid Lindgren
Kjelder Svensk Wikipedia
Bakgrunnsstoff Astrid Lindgren Här kommer Pippi Långstrump Pomperipossa i Monismanien
Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Barnebokforfattarar