Søgne er ein tidlegare norsk kommune sør i Vest-Agder fylke. Han låg mellom kommunane Kristiansand, Marnardal, Songdalen og Mandal. Kommunesenteret låg på Tangvall. 1. januar 2020 blei kommunen del av Kristiansand kommune.
Søgne er kjend for skjergarden med 1 229 holmar og skjér. Kommunen har vore den i landet med flest soltimar i året. Fleire kjende diktarar og kunstnarar har budd i Søgne, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson og Vilhelm Krag. Namnet «Søgne» kjem av elva med det norrøne namnet Sygna, no Søgneelva. Namnet tyder 'Sygna-dalen'.
Frå Høllen, som er Søgne si «hamn», kan ein ta rutebåt til dei folkesette øyane Ny-Hellesund og Borøya. I tillegg kan ein vitja Olavsundet og kystfortet i Ny-Hellesund. I Høllen låg det tidlegare eit båtbyggeri/verft.
Tettstader Ausvika Søgne
Bakgrunnsstoff Søgne kommune Søgneguiden
Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder
Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020