Rolvsøya (nordsamisk Gádde-Ižžát) er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Kvaløya og vest for Havøysund. Rolvsøya har eit areal på 89,4 km² og det høgaste punktet på øya er Valfjordnæringen på 363 moh. Øya hadde 72 innbyggjarar i 2001.Statistisk sentralbyrå, folke- og boligtellinga 2001

Det er hurtigbåtsamband frå Gunnarnes på Rolvsøya til Ingøy, Havøysund og Hammerfest.

Hurtigruteskipet D/S Richard With vart torpedert og forliste ved Rolvsøya den 13. september 1941. 103 menneske omkom. Skipet vart torpedert av ein britisk ubåt.

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Rolvsøy i Finnmark» frå , den 7. april 2008.

Bakgrunnsstoff Måsøy kommune: Rolvsøya Finnmark Dagblad: Historisk pub i Tufjord på Rolvsøy (30. juli 2004) Finnmark Dagblad: Doblar elevtalet med eigne ungar (29. juli 2006) Finnmark Dagblad: Vil forby jakt med hund på Rolvsøy (8. august 2006) museumsnett.no - Rolvsøy

Kategori:Øyar i Måsøy