Walter Fyrst () var ein norsk filmprodusent, manusforfattar, regissør og nasjonalsosialistisk politikar frå Oslo.

Walter Fyrst eigde produksjonsselskapet Fyrst-Film, og produserte i tillegg til reklame- og propagandafilm også ei rekke spelefilmar. Han vart i 1920-30-åra saman med Ottar Gladtvet rekna som ein av dei leiande innan norsk reklamefilm, lenge før dei eigentlege reklamebyråa såg dagens lys på 1950-talet.

Fyrst var med og stifta Nasjonal Samling (NS) på byrjinga av 1930-talet, men meldte seg snart ut att. I løpet av 1930-åra var han aktiv til å promotere Arbeidstenesta (AT) og arrangerte fleire sommarleirar for å få til ei friviljug Arbeidsfylking. Fyrst var òg medlem i Fedrelandslaget.

I 1941 fornya han medlemsskapet i NS og vart partiet sin propagandasjef. Han går for å vera opphavsmannen til dei fargesterke og stereotype plakatane som prega NS sin propaganda både før og under Den andre verdskrigen. Dei filmane han produserte, regisserte og skreiv manus til i perioden 1940-44 inneheldt alle meir eller mindre preg av nasjonalsosialistisk ideologi.

Han vart dømd i landssvikoppgjeret i 1945, men som eit døme på den pragmatiske haldninga som herska i enkelte miljø etter krigen kan nemnast at han så tidleg som i 1948 vart tilsett i firmaet til ingen ringare enn den berømte motstandsmannen Max Manus.

Filmproduksjonar 1927 - Troll-elgen 1927 - Teddy paa biltur (animasjonsfilm) 1928 - Cafe X 1932 - Prinsessen som ingen kunne målbinde 1942 - Vi er Vidkun Quislings hirdmenn 1943 - Unge viljer 1944 - Brudekronen 1944 - Villmarkens lov 1955 - Hjem går vi ikke

Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Norske filmprodusentar Kategori:NS-politikarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen