mini|Stall med to hestar i Nederland. mini|Moderne stall med boksar. Foto frå Sverige i 2008. Stall er ein bygning der hestar vert haldne.
Ordsoge Ordet «stall» kjem frå norrønt stallr og tyder eigentleg 'stad der noko står'. I moderne tyding kan ordet brukast for å skildra ein bygning der ein lagrer køyretøy, som «togstall». Ei samling hestar brukt i hestesport kan også omtalast som «stall», og i overført tyding kan ein snakka om idrettsfolk på eit lag som ein «spelarstall».
Historie mini|høgre|Hestar i ein stall med båsar. Teikning frå Polen i 1773.
På gardsbruk i gamle dagar var det vanleg at stallen var ein eigen bygning, men seinare var stallen ofte bygd saman med fjøset. I tillegg til gardsbruk var det stall på skysstasjonar, på fabrikkar, bryggeri, militærleirar, osv.
Sjå òg Stutteri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hestar Kategori:Gardsbygningar Kategori:Landbrukshistorie Kategori:Byggverk for dyr