Tisler er ei øygruppe som høyrer til Hvaler kommune i Østfold. Øygruppa består av fleire øyar som har vore busett av opp til 30 personar. Det har ikkje budd nokon på øygruppa sidan 1939.
Tisler og Herføl er dei siste skansane i Noreg ein ser før ein kryssar riksgrensa mot Sverige. Herføl er den siste av Hvalerøyene i sørvest og Tisler er den nest siste utposten mot Skagerrak på norskesida. Den siste er øya Heia.
Kategori:Øyar i Østfold Kategori:Geografi i Hvaler