Bæreia er ein 2 kvadratkilometer stor innsjø i Kongsvinger i Innlandet. Stranda er ofte nytta som badestrand på sommaren for norske og utanlandske turistar og vert mykje til pilking om vinteren. Bæreia er eit ope vatn, så det er høve for å køyre båt der.
Ved Bæreia vart det i 1959 oppretta ein krigsinvalidheim for veteranar frå den andre verdskrigen og partnarane deira. Den sjølvstendige stiftinga Krigsinvalidehjemmet Bæreia, oppretta av Krigsinvalideforbundet, stod for drifta. I 1999 starta FN-Veteranenes Landsforbund eit prøveprosjekt finansiert av Forsvarsdepartementet for å vurdere om den etter kvart ledige kapasiteten kunne nyttast til velferdstilbod for tidlegare soldatar frå utanlandsoppdrag. Forsvarsdepartementet stoppa seinare finansieringa på bakgrunn av at helsevesenet var betre eigna til jobben med å følgje opp FN-veteranane. 1. januar 2005 overtok Landsforeningen for hjerte- og lungesyke senteret for ei krone. LHL ville framleis ta vare på krigsveteranane, men òg nytte senteret til anna verksemd. I nyttårsforedraget sitt i januar 2008 kunne forsvarminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fortelje at Forsvaret hadde kjøpt senteret tilbake som rekreasjonsstad for alle norske krigsveteranar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bæreia» frå , den 17. april 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi i Kongsvinger Kategori:Innsjøar i Innlandet