Helin er ein innsjø som ligg i kommunane Vestre Slidre og Vang i Innlandet. Innsjøen vart regulert i samband med utbygginga av Åbjøra kraftverk, og vasspegelen kan regulerast med opptil 2 meter. Helin er ein vindeksponert klarvassjø med ein nokså rik botnvegetasjon, mellom anna kransalgar heilt ned til 15 meters djup. Denne vegetasjonen gjev ein høg produksjon av botndyr.

I 1930 vart eit 35 km² stort område mellom Helin og Syndinvatna i aust freda som botanisk plantenasjonalpark. I skiferura under fjellet Gila og langs Helin veks fleire sjeldne planter, mellom anna urvalmue (Papaver relictum). Elles er Helin er omgjeve av bjørkeskog.

Helin er verna i samsvar med Verneplan I for vassdrag.

Kategori:Innsjøar i Vestre Slidre Kategori:Innsjøar i Vang Kategori:Reservoar i Innlandet