Neidenelva (finsk Näätämöjoki) er elv som spring ut frå innsjøen Iijärvi i Enare, lengst nord i Finland. Elva renn frå Finland mot nord og inn i Noreg i Øvre Neiden. Vidare renn elva ut i Neidenfjorden som går over i Kjøfjorden og munnar ut i Varangerfjorden ved Revøysund.
Neidenelva er godt kjend for laksefiske, mellom anna det tradisjonsrike Käpälä-fisket (kastenot). I Neidenelva er det ikkje lov å bruke makk. Fluge er lov i heile elva, det same gjeld sluk bortsett frå soner som er reservert for floge.
I tillegg til laks finst det ei rekke andre fiskeartar i elva som sjørøye, sjøaure, harr, gjedde og sik.
Forvaltning venstre|mini Neidenelva vert forvalta av Neidenelvens Fiskefellesskap på norsk side av grensa, som er ei samslutting av grunneigarar i Neidendalen. For å oppnå status som såkalla parthavar er det fleire krav som må oppfyllast, dei viktigaste er at ein faktisk bur i Neiden og at ein eig jord med ein viss storleik. Fiskefellesskapet organiserer Käpälä-fisket, der berre parthavarane har høve til å delta.
Kategori:Elvar i Finnmark Kategori:Geografi i Sør-Varanger