Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen), offisielt Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands, er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km². Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²). I januar 2020 hadde territoriet berre 47 fastbuande.
Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790.
Historie Det kan ha budd polynesiarar på øygruppa i fleire hundreår tidlegare, men dei var folketomme då dei blei oppdaga av europearar.
I 1767 blei Pitcairn-øya sett av mannskapet på det britiske skipet HMS «Swallow» under kaptein Philip Carteret. Ho fekk namn etter kadetten Robert Pitcairn, som var den fyrste som fekk auge på øya. Robert Pitcairn var ein son av den britiske majoren John Pitcairn, som seinare blei drepen i slaget ved Bunker Hill i 1775 under den amerikanske sjølvstendekrigen.
I 1790 kom ni av mytteristane frå det britiske skipet HMS «Bounty» til øya, i lag med fleire tahitiarar (seks menn, 11 kvinner og ein baby). Dei brann skipet og slo seg ned på øya.
I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.
mini|venstre|Kart over Pitcairn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:usjølvstendige område Kategori:øyar i Stillehavet