Kjell Kristian Rike () var ein norsk TV-journalist og sportskommentator på TV. Rike kommenterte i mange år langrenn, skiskyting, fotball, sykling og skyting på NRK, og er nok best kjend for samarbeidet sitt med Jon Herwig Carlsen som kommentator av skiskyting og langrenn.
Liv og virke Kjell Kristian Rike var frå Byglandsfjord i Aust-Agder. I ungdommen var han fotballspelar og aktiv skyttar. I 1972 vart han skyttarprins på Landsskyttarstemnet, og han vart noregsmeister i feltskyting på Landsskyttarstemnet i 1974.
Rike vart skiskyttarkommentator i NRK i 1977 og byrja å kommentere langrenn i 1985. Han var òg kommentator under fleire fotball-VM sidan 1986. Han kommenterte dessutan friidrett, golf, trav, sykling og alpint. I periodar fungerte han òg som avdelingsleiar i NRK-sporten. Rike laga òg andre typar program og innslag for TV, men var nok for dei aller fleste kjend for arbeidet sitt som sportskommentator.
Under Gullruten 2007 fekk Rike og Carlsen heidersprisen for innsatsen sin som sportskommentatorar. I 2008 blei Rike (posthumt) og Carlsen tildelte Kongens fortenestemedalje i sølv.
Rike var ei tid òg programleiar i Norge Rundt og Langs Landevegen ved sida av jobben i NRK-sporten. Rike kom opp med vignettmusikken til Norge Rundt, ein moderne versjon av «Norsk dans nr. 2» av Edvard Grieg. Då NRK Fjernsynet fylte 25 år i 1985, var Rike ein av programleiarane for jubileumssendinga.
Kjell Kristian Rike døydde av lungekreft 19. mai 2008, etter kort tids sjukeleie.
Kjelder
Kategori:Norske skyttarar Kategori:NRK-journalistar Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Vinnarar av Gullrutens heiderspris Kategori:Folk frå Bygland