Neiden kapell er ei langkyrkje frå 1902 i Neiden i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Kapellet er bygd i tre i drakestil og er raudmåla med kvitmåla listeverk. Det ligg ved ein sidearm til Neidenfjorden.
I 1898 vende 26 familiefedrar i Neiden seg til Kyrkje- og undervisningsdepartementet og spurde om å få oppført ei kyrkje med kyrkjegard i Neiden. Berre fire år seinare stod kyrkja ferdig. Ynsket til dei fastbuande nordmennene i området om å få ei kyrkje fall saman med ynsket til styresmaktene om å tryggje grenseområda mot finsk-russisk ekspansjon. Arkitekt Karl Norum var særs interessert i stavkyrkjer, og han lagde eit byggverk som skulle vere eit uttrykk for norsk kultur og nasjonal samkjensle i eit grenseområde. Kapellet fekk 155 sitjeplassar og vart levert av ferdighusfirmaet Jacob Digre i Trondheim. Det vart vigsla sjuande sundag etter trinitas, 13. juli 1902.
Inventaret i kapellet er frå byggeåra eller seinare.
Ei systerkyrkje er Buksnes kyrkje i Buksnes i Vestvågøy.
Ein kan koma til staden er via Fv352 og E6/Rv893.
Kjelder Arkitekturguide for Nord-Noreg og Svalbard
Bakgrunnsstoff
Om Sør-Varanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirker og kapeller» på nettstaden til Sør-Varanger kyrkjelyd NFI rapport for eit forskingsprosjekt Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Finnmark» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Sør-Varanger Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Karl Norum Kategori:Kulturminne i Sør-Varanger Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme