Belkovskijøya (russisk Бельковский остров eller Belkovskij ostrov) er ei øy i Nysibirøyane i Laptevhavet i Russland. Sundet mellom Belkovskijøya og naboøya Kotelnyj vert kalla Zarajasundet etter skipet til Eduard Toll.

Belkovskijøya er om lag 500 km² stor og det høgaste punktet er 120 meter høgt. Det store fuglekoloniar og ein koloni med kvalross på øya.

Belkovskijøya består av bergartar frå øvre devontid og nedre koltid. Dei øvre devon-berga er leirig marin karbonat med kalkstein, sandstein og konglomerat innimellom. Dei nedre koltid-steinane består av siltstein, argilitt og sandstein med breksje, kalkstein og stundom rhyolittisk lava i mellom. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.

Tundra dekker Belkovskijøya og består stort sett av lågt gras, mose, lav og levermose. Desse plantene dekker det meste av underlaget. Jordsmonnet er typisk fuktig, finkorna og ofte bakka.CAVM Team, 2003, Cirkumpolar arktisk vegetasjonskart. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.

Øya vart oppdaga i 1808 av ein russisk kjøpmann kalla Belkov, som øya er kalla opp etter.

Ostrov Strizjioa er ei lita øya som ligg like sør for Belkovskijøya.

Administrativt høyrer Belkovskijøya til republikken Sakha.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Belkovsky Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Kosko, M.K., B.G. Lopatin og V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian og Chukchihavets og the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367.

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Laptevhavet Kategori:Øyar i Nysibirøyane