mini|Kirovøyane Kirovøyane eller Sergej Kirov-øyane (russisk Oстрова Кирова, Ostrova Kirova eller Aрхипелаг Сергея Кирова, Arkhipelag Sergeja Kirova), òg kalla Kerovaøyane, er ei øygruppe i Karahavet, som høyrer til Krasnojarsk kraj i Russland, om lag 140 km frå kysten av Sibir.

Øygruppa, i tillegg til den nordlegaste øya (Kirova), er kalla opp etter Sergej Kirov i Josef Stalin sitt politbyrå. Den største øya er Isatsjenko (), med ei overflate på 168 km². Øya kalla opp etter den russiske mikrobiologen og botanikaren Boris Isatsjenko. Det er ein forskingsstasjon på denne øya.

Havet omkring Kirovøyane er dekt av pakkis med noko poljnia om vinteren, og det er òg mykje isflak i havet rundt om sommaren. Sundet mellom Isatsjenko og Slozjnij vert kalla Proliv Aerosiomki.

Øyane er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland.Nature Reserve

Øygruppa må ikkje forvekslast med dei andre Kirovøyane (russisk Kirovskije Ostrova), som ligg i Austersjøen nær St. Petersburg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirov Islands» frå , den 30. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Naturreservat

Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Karahavet Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Øygrupper i Nordishavet Kategori:Stader i Russland kalla opp etter russarar