The Fantastic Expedition of Dillard & Clark er eit countryrockalbum av Dillard & Clark med country- og folkrock pionerane Gene Clark, Doug Dillard, Bernie Leadon, Chris Hillman og andre. Albumet vart spelt inn i 1968, kort tid etter Clark forlet The Byrds for andre gong, og Dillard forlet The Dillards. Albumet er hylla som eit meisterverk innan countryrocksjangeren av kritikarar og musikarar.Dusted MagazineThe Rising Storm«Ten best country albums» - The Independent, desember 2006

Debutabumet til Clark som soloartist, Gene Clark with the Gosdin Brothers, hadde seld dårleg. Etter at David Crosby fekk sparken frå The Byrds, gjekk Clark attende til det gamle bandet sitt, men spelte berre med dei på tre konsertar før han forlet turneen på grunn av angst og flyskrekk. Han signerte så kontrakt med A&M Records og byrja å spele inn musikk for den første plata si for selskapet i lag med instrumentalisten Douglas Dillard. Bernie Leadon var med låtskrivar på seks av songane og spelte òg på albumet. Sidan Clark nekta å turnere var ei rekkje konsertar på The Troubadour i L.A. den einaste marknadsføringa for albumet, og det selde derfor òg dårleg.

Musikkritikaren Matthew Greenwald skreiv for Allmusic og kalla albumet «kanskje den mest glimrande innspelinga til Clark... Grasiøst, fortryllande og smakfullt på same tid. Absolutt essensielt.»

Innhald

Medverkande Frå Discogs. Gene Clark - gitar, munnspel, vokal Doug Dillard - banjo, fele, gitar Bernie Leadon - banjo, gitar David Jackson - kontrabass Donald Beck - mandolin, dobro Andy Belling - elektrisk cembalo (5,6,8) Chris Hillman - mandolin (7,9) Joel Larson - trommer (1)

Produksjon Larry Marks – produsent Dick Bogert – lydteknikar Tom Wilkes – kunstnarisk leiar Guy Webster – fotografi Bob Garcia – notat i plateomslaget

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Fantastic Expedition of Dillard & Clark» frå , den 3. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Dillard & Clark-album Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:A&M Records-album