Tretijøya (russisk Остров Третий; Ostrov Tretij, tyder «Den tredje øya») er ei relativt stor øy vest i Sjelikhovbukta nord i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg 4 km sør for ei halvøy som delvis ligg om ei lita bukt i området. Området er ikkje busett.

Tretijøya er om lag trekanta, og er 8 km lang og opp mot 3,7 km på det breiaste.

2,3 km nord for Tretijøya, i sundet mellom øya og fastlandet, ligg ei lita øy som er 700 meter lang og 400 meter brei.

Vtoroj og Krajnij (Остров Крайний) , eller Tsjemenvytegartynup (Чеменвытегартынуп) er to mindre øyar som ligg 30 km søraust for Tretijøya. Krajnij er den største av dei to og eit sund på 1,7 km ligg mellom dei.

Administrativt høyrer Tretijøya til Korjak okrug.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tretiy Island» frå , den 10. august 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Satellittbilete Geografiske data Russisk Robinson

Bakgrunnsstoff Korjakia Liste over øyar

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Okhotskhavet Kategori:Korjak okrug