Robin Dale Oen () er ein norsk symjar frå Bergen. Han er den eldre broren til no avdøde Alexander Dale Oen og representerer klubben Vestkantsvømmerne.
Oen heldt per august 2008 noregsrekorden på 50 m fri med tida 23,10, sett i 2004. Han har og rekorden på 50 m fri i kortbane, med tida 22,34, sett i 2003, og 4x50 m medley stafett med Vestkantsvømmerne, med tida 1.39,76.
Kategori:Norske symjarar Kategori:Noregsmeistrar i symjing Kategori:Folk frå Øygarden