Eirik Verås Larsen () er ein norsk padlar. Han representerer Flekkefjord Kajakklubb. Eirik er gift med Mira Verås Larsen, som også er padlar.

Karriere Den 28. august 2004 tok han OL-gull på 1 000 meter K-1 og bronse på 500 meter K-2 (saman med Nils Olav Fjeldheim) i løpet av en drøy time. For denne prestasjonen vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant av leikane.

Eirik Verås Larsen vart tildelt Aftenpostens Gullmedalje i 2002.

7. juni 2008 kom han på tredjeplass i finalen på 500 meter under verdscupstemnet i padling. Det var den første pallplasseringa sidan 2004, altså den beste plasseringa på fire år. Han kvalifiserte seg til sommar-OL 2012 i London, der han tok det fyrste OL-gullet for Noreg.NRK, 07.08.12: Verås Larsen tok OL-gull

Merittar OL-gull i K-1 på 1000 meter (London 2012) OL-sølv i K-1 på 1000 meter (Beijing 2008) OL-gull i K-1 på 1000 meter (Athen 2004) OL-bronse i K-2 på 1000 meter (Athen 2004) 2 VM-gull i K-1 1000 meter (2002 og 2005) 2 VM-gull i K-2 maraton (2001 og 2002) 1 VM-gull i K-2 1000 meter (2001) 3 EM-gull i K-1 1000 meter (2004, 2005 og 2007) 3 EM-gull i K-2 1000 meter (2000, 2001 og 2004)

Kjelder

Kategori:Norske padlarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Padlarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Padlarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Padlarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Padlarar under sommar-OL 2012 Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Folk frå Flekkefjord