Holbæk er ein fjordby og tidlegare kjøpstad på Sjælland i Danmark om lag 60 kilometer frå hovudstaden København. Med innbyggjarar (2013)Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 11. februar 2014) er det den største byen på Nordvestsjælland. Holbæk er administrasjonsstad i Holbæk kommune og høyrer til Region Sjælland.

mini|venstre|Gamle hus ved Holbæk Museum. mini|Sankt Nikolai kyrkje i Holbæk.

Holbæk har vakse opp kring det tidlegare Holbæk slott som blei grunnlagt i 1236 av Valdemar Siger. Byen fekk kjøpstadsrett i 1287. Det er to teoriar om opphavet til namnet «Holbæk»; anten er det ei omskriving av den hule bæk ('holebekken' på norsk) som skal referere til ein bekk som i mellomalderen hadde fàr gjennom byen. Namnet kan òg kome av Den hellige bæk ('den heilage bekken'). Vest for hamna finst det ein liten bekk med namnet «Hulbæk».

I dag er Holbæk ein moderne by og eit viktig handelssentrum på Sjælland. Eit karaktertrekk ved staden er det vakre lægje ved sjøen og dei mange hyggelege kafeane, i tillegg har byen framleis eit mellomalderleg gatenett i bykjerna. Det er gode kommunikasjonssamband til København og Roskilde, både via motorveg og jarnbane. Ein stor del av innbyggjarane er pendlarar til storbyane i kring. Vest for byen ligg Odsherred kommune med jarnbanesamband mellom anna til Nykøbing. Frå ca. 1980 har Holbæk vore ein av dei raskast veksande byane i Danmark.

Attraksjonar

Holbæk Museum Sankt Nikolai Kyrkje (sjå bilete) Tveje Merløse Kyrkje, steinkyrkje frå 1100-talet. Holbæk Gamle Havn og Holbæk Skibsværft Andelslandsbyen Nyvang. På Oldvejen søraust for Holbæk er eit levande museum frå 1880-1950 fylt med aktivitetar og utstillingar. Danmarks Vej- og Bromuseum Holbæk Kunstforening Æglageret er eit galleri med skiftande udstillingar, innretta i eit tidlegare egglager Danmarks Ægmuseum er opretta i kjelleren under Holbæk Kunstforenings utstyillingslokale i Egglageret

Musikk og teater

Musikhus Elværket Holbæk Teater Teatret Fair Play

Attraksjonar i omlandet

Museet Ourø Minder Jernløse Mølle Skamstrup Mølle Torbenfeldt Smedemuseum Buerup Træskomuseum

Nokre bilete frå Holbæk

Kjelder

Bakgrunnsstoff HolbækNettet - portal for byborgarane Holbaekonline.dk - Lokal portal for Holbæk og omland OplevHolbæk.dk - turist/eventguide for Holbæk og omland Venstrebladet.dk - lokalavisa for Holbæk og omland Holbæk Seminariums heimeside Gammelhavnforum.dk Dansk Center for Byhistorie - Holbæk

Kategori:Byar i Region Sjælland Kategori:Holbæk kommune