Tsjeko er ein liten innsjø i Sibir, nær elva Podkamennaja Tunguska. Han er 708 meter lang, 364 meter brei og om lag 50 meter djup.

Forskarar har spekulert i om Tsjeko vart danna under Tunguskahendinga, ein eksplosjon 30. juni 1908 som øydela meir enn sibirsk taiga. Ei undersøking i 1961 viste at innsjøen var minst 5000 år gammal, basert på metertjukke avleiringar på botn av innsjøen,, men nyare forsking har tyda på at berre ein meter med sediment på botn av ein innsjø med «normal innsjøsedimentering» indikerer ein mykje yngre innsjø på om lag 100 år. Lodding av innsjøbotn har støtta denne hyoptesen og viste ei konisk form på innsjøbotn, som ein ofte ser for nedslagskrater. Innsjøen strekker seg òg mot episenteret av Tunguskaeksplosjonen, om lag 7 km lenger borte. Magnetiske målingar indikerer òg ein mogeleg meterstor steinblokk på botn av det djupaste punktet i innsjøen, som kan vere ein bit av kollisjonslekamen. Forskarar ved Universitetet i Bologna skal utforske lekamen, 10 meter under innsjøbotn, i 2009.

Gareth Collins og Phil Bland frå Imperial College i London viser derimot til at fleire av trea rundt innsjøen er eldre enn 100 år og tyder på at innsjøen derfor ikkje kan ha vorte danna av eit nedslag i 1908.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Cheko» frå , den 16. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Krasnojarsk kraj