Tidleg ordovicium, òg kalla nedre ordovicium av geologar, er den første epoken i ordovicium og er markert med eit kraftig aukande mangfald av marint liv etter masseutryddingane på slutten av kambrium.
Mange nye typar organismar slo seg saman med trilobittane, inkludert tabulatkorallar, strophomenida, rhynchonellida, mange nye orthide armføtingar, mosdyr, planktonliknande graptolittar og konodontar, og mange typar muslingar og pigghudingar, som slangestjerner og dei første sjøstjernene. Trilobittane var derimot framleis talrike og alle ordenane frå sein kambrium eksisterte framleis, i tillegg til ei ny gruppe kalla phacopida.
Dei første landplantene, som truleg var små ikkje-vaskulære planter liknande dagens levermosar, dukka opp i denne epoken for rundt 474 millionar år sidan.
Sjølv om sjøliljer dukka opp tidlegare i kambrium vart dei først vanlege i tidleg ordovicium.
Sjå òg Den kambrisk-ordovikiske masseutryddinga
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paibian» frå , den 20. august 2008. oppgav desse kjeldene: GeoWhen Database - Middle Cambrian
Bakgrunnsstoff Klima i tidleg ordovicium GeoWhen Database - Tidleg ordovicium
1 Kategori:Geologiske tidsperiodar