Berit Kristine Aunli (), fødd Kvello, er ein tidlegare langrennsløpar, fødd i Stjørdal i Noreg. Aunli representerte Strindheim IL. Ho er gift med Ove Aunli.

Berit Aunli tok sin første internasjonale medalje i Vinter-OL 1980, då Noreg tok gull i 4 × 5 km stafett. Gjennombrotet hennar kom under verdsmeisterkapet i Oslo i 1982, då ho vann tre gullmedaljar på 5 km, 10 km og 4 x 5 km stafett, i tillegg til at ho kom på andreplass under 20 km klassisk etter den sovjetrussiske utøvaren Raisa Smetanina. I 1981 vann ho gullmedalje på 20 km. Sesongen 1981/82 vann ho verdscupen samanlagd framføre Brit Pettersen på andre. Aunli har til saman 15 NM-titlar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1973: Nr 6 på 5 km på Fåberg Ski-NM 1974: Ski-NM 1975: Ski-NM 1976: Nr 4 på 5 km i Surnadal Ski-NM 1977: Gull på 5 km, gull på 10 km og sølv på 20 km på Røros Ski-NM 1978: Gull på 5 km, gull på 20 km og bronse på 10 km på Konnerud Ski-NM 1979: Ski-NM 1980: Gullmedalje på 5 km, 10 km og 20 km i Asker Ski-NM 1981: Gullmedalje på 5 og 10 km på Eidsvoll Ski-NM 1982: Gullmedalje på 5 og 10 km på Raufoss Ski-NM 1983: Ski-NM 1984: Bronsemedalje på 10 km i Hof Ski-NM 1985: Nr 4 både på 5 km og 20 km i Tromsø Ski-NM 1986: Nr 4 på 5 km på Vang Ski-NM 1987: Nr 8 på 10 km i Steinkjer Ski-NM 1988: Nr 10 på 5 km på Vang Ski-NM 1989: Nr 4 på 10 km på Geilo Ski-NM 1990: Nr 10 både på 5 km og 20 km på Gjøvik

Utmerkingar 1981: Tildelt Sør-Trøndelag fylkes kulturpris 1982: Tildelt Morgenbladets Gullmedalje 1983: Tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes med kombinertløparen Tom Sandberg 1983: Tildelt Ole Vig-prisen

Bakgrunnsstoff

Holmenkollen-medaljistar – trykk på «Holmenkollmedaljen» for nedlastbar PDF-fil. Holmenkollen-vinnarar sidan 1892 – trykk på «Vinnere» for nedlastbar PDF-fil.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Selbu