Uvs Nuur eller Uvs (mongolsk Увс Нуур, Uvs Nuur; tuvinsk Успа-Холь, Uspa-Khol; russisk Убсу-Нур, Ubsu-Nur og Убса, Ubsa) er ein særs salt endorheisk innsjø i Mongolia med ein liten del i Russland. Han er den største innsjøen i Mongolia med eit areal på 3350 km² og ligg 759 meter over havet. Den nordaustlege enden av innsjø ligg i republikken Tyva i Russland. Den største busetnaden ved innsjøen er Ulaangom. Denne grunne og særs salte innsjøen er restane av ein stor saltsjø som dekte eit mykje større område for fleire tusen år sidan.

Geografi Uvs Nuur har ei lengd på 84 km og er 79 km brei. I snitt er han 6 meter djup. Nedslagsfeltet er skild frå restane av Store sjøar-senkinga av Khan Khökhii-ryggen.

Av dei mange elvane som renn ut i innsjøen finn ein Baruntara Gol, Nariin Gol og Tesiin Gol frå Khangajfjella i aust og Kharkhiraa og Sangil Gol frå Altajfjella i vest.

Økologi Det store endorheiske nedslagsfeltet fører til eit sært salt vatn på 18,8 ppt, som er fem gonger saltare enn sjøvatn. Dette kjem hovudsakleg av sulfat og natriumion.

Innsjøen frys til frå oktober til mai. Om sommaren varierer temperaturen frå 25 °C i overflata til 19 °C ved botn.

Ein har tald 29 forskjellige fiskeartar i Uvs Nuur, ein av dei (Oreoleuciscus potanini) høver seg som mat.

Verna område

Heile innsjøen og fleire av områda rundt er erklært verna område. UNESCO nyttar nemninga «Uvs Nuur-stad» som eit fellesuttrykk som femnar om tolv forskjellige verna område, som representerer hovudbioma aust i Eurasia. mini|venstre|Satellittbilete av Uvs-Nuur bassenget

Uvs Nuur-bekkenet

Uvs Nuur er det lågaste området i Uvs Nuur-bekkenet som dekkjer eit område på og er eit av dei best bevarte, naturlege steppelandskapa i Eurasia. Grensa mellom Mongolia og Russland går gjennom den nordlege delen av bekkenet. Her møter den nordlegaste ørkenen i verda den sørlegaste tundrasonen i verda.. Bortsett frå Uvs Nuur innneheld bekkenet fleire mindre innsjøar. Sidan desse ligg nord for andre store innsjøar i Sentral-Asia er dei viktige stoppestader for sjøfuglar på veg sørover eller nordover. mini|Uvs Nuur-bekkenet Sidan bekkenet dekkjer den geoklimatiske grensa mellom Sibir og Sentral-Asia kan temperaturane variere frå −58 °C om vinteren til 47 °C om sommaren. Trass i det harde klimaet finst det 173 fugleartar og 41 forskjellige pattedyr, inkludert den globalt utryddingstrua snøleoparden, argalisau og asiatisk steinbukk. Folketettleiken her er låg. Mangelen på industri og at området stort sett har vore busett av nomadiske gjetarar gjer at landskapet og økosystemet stort sett er urørt.

I 2003 vart Uvs Nuur-bekkenet innskrive på UNESCO si verdsarvliste. Det vart nominert som eit av dei største intakte nedslagsfelta i Sentral-Asia med 40 000 arkeologiske stader frå historiske kjende nomadefolk som skytarar, tyrkarar og hunarar. Dette er eit av dei største områda på verdsarvlista.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Uvs Nuur» frå , den 1. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Satellittbilete av Ubsu Nur

Kategori:Innsjøar i Mongolia Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Tyva Kategori:Endorheiske innsjøar i Asia