Bokskorpionar eller mosskorpionar (Pseudoscorpiones) er ei gruppe små edderkoppdyr som finst over heile verda. Dei har fått namnet sitt fordi dei har skorpionliknande klør, sjølv om dei ikkje er i nær slekt med denne gruppa. Medrekna dei fossile artane er det beskrive 3 000 ulike artar på verdsbasis; 16 av desse førekjem i Noreg.

Kjelder Stol, Ingvar: Norske Insekttabeller 18 - Mosskorpioner (Pseudoscorpiones) Norsk Entomologisk Forening 2005

Kategori:Edderkoppdyr