Georg II Augustus () var konge av Storbritannia og Irland frå 1727 til 1760. I tillegg var han hertug av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) og tysk kurfyrste. Han var den andre britiske monarken av det tyske fyrstehuset Hannover, og den siste britiske monarken som personleg leidde styrkar i krig. Ulikt føregangaren Georg I snakka han flytande engelsk, i tillegg til fleire andre språk.
Georg II var son av arveprinsen av Braunschweig-Lüneburg, den seinare kong Georg I av Storbritannia, og kona Sophie av Celle. Då faren vart hertug av Braunschweig-Lüneburg vart Georg sjølv arveprins. Georg II gifta seg med prinsesse Caroline av Brandenburg-Ansbach i 1705.
Georg grunnla mellom anna Georg-August-Universität i Göttingen.
Etterfølgjar som konge og fyrste var sonesonen Georg III av Storbritannia.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske monarkar Kategori:Kurfyrstar av Hannover Kategori:Hertugar av Bremen og Verden Kategori:Hertugar av Braunschweig-Lüneburg Kategori:Hertugar av Cambridge Kategori:Hertugar av Cornwall Kategori:Hertugar av Rothesay Kategori:Hertugar av Sachsen-Lauenburg Kategori:Huset Hannover Kategori:Folk frå Hannover Kategori:Hosebandsordenen Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Engelske pretendentar til den franske trona