Nerl (russisk Нерль) er ei elv i Jaroslavl, Ivanovo og Vladimir oblast i Russland og ei av sideelvane til Kljazma frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Ho er 284 km lang og har eit nedslagsfelt på 6780 km². 102 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 25,7 m³/s.

Nerl frys til i månadsskiftet november/desember og er isdekt til vårløysinga i april. Den største sideelva hennar er Ukhtoma.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Нерль (приток Клязьмы)» frå , den 22. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Vladimir oblast Kategori:Elvar i Ivanovo oblast Kategori:Elvar i Jaroslavl oblast