Pekhorka (russisk Пехо́рка ) er ei elv i Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Moskvaelva frå venstre. Elva er 42 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Langs elva ligg byane Balasjikha og Zjeleznodorozjnyj, og dei urbanliknande busetnadane Tomilino og Kraskovo. På 1800-talet vart elva mykje nytta som kraftkjelde for bomullsfabrikkane i Balasjikha, og mange av reservoara og vassvegane eksisterer framleis.

I 1971 var elva inkludert i generalutviklingsplanen til Moskva, som mellom anna omfatta bygging av ein båtkanal aust for Moskva for å minske belastninga på den sterkt trafikkerte Moskvaelva. Pekhorka ville ha vorte ein del av Ljubertsy-reservoaret, men kanalen vart aldri bygd.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pekhorka» frå , den 30. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Moskva oblast