Vadheim bedehuskapell er eit kapell i bygda Vadheim inst i Vadheimsfjorden i Høyanger kommune i Vestland.
Bygget vart sett opp på dugnad som bedehus i 1914. Det vart vigsla til kapell 31. januar 1954.
Altartavla er frå 1954 og er måla av Wilhelm Bjørknes. Ho viser Jesus i Getsemane.
Kapellet høyrer til Kyrkjebø sokn i Sunnfjord prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg det i Lavik prestegjeld.
Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Vadheim bedehuskapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Vadheim bedehuskapell» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Bakgrunnsstoff Om Kyrkjebø sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Høyanger Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Bedehuskapell i Vestland Kategori:Bedehus Kategori:Norske kyrkjer frå 1954