Solvorn kyrkje står i bygda Solvorn på vestsida av Lustrafjorden, i Luster kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1883. Arkitekt for kyrkja var Waldemar Hansteen og utforminga er påverka av stavkyrkjene.

mini|venstre|Kyrkja ligg eit stykke opp i Solvorn thumb|left|Den noverande kyrkja erstatta ei tømra kyrkje frå kring 1600.

Solvorn kyrkje er soknekyrkje i Solvorn sokn i Sogn prosti. Den noverande kyrkja erstatta ei tømra kyrkje frå kring 1600, som i sin tur erstatta ei stavkyrkje som fyrste gong er nemnd i kjeldene på 1300-talet. Grunnen til at det vart bygd ny kyrkje i Solvorn i 1883 var dels at gamlekyrkja var i dårleg stand, og dels at ho var vorte for lita. Urnes sokn var då vorte nedlagd og dei som før hadde sokna til Urnes stavkyrkje skulle i staden sokne til Solvorn-kyrkja.

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Solvorn kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Solvorn kyrkje» hjå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Bakgrunnsstoff Solvorn kyrkje i «Norges kirker» Om Solvorn kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen

Kategori:Waldemar Hansteen Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1883 Kategori:Kulturminne i Luster