mini|Sylfest Lomheim. Sylfest og Sølfest er norsk mannsnamn. Sylfest har namnedag den 31. desember i Noreg.

Namna er former av det latinske namnet Silvester, som tyder 'frå skogen'. Dei har vore mest nytta i Oppland og på Vestlandet.

Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 vart vel 110 personar manntalsførte med namnet, i ulike skrivemåtar, som Søl(v)fæst, Syl(v)fest eller Silfest. I folketeljinga i 1900 vart knapt 200 manntalsførte med namnet.

I 2008 var det berre 32 som hadde «Sylfest» til første fornamn, og berre 8 heitte «Sølfest». Samstundes var det 4 som hadde namnet i den latinske forma «Silvester» og 28 med den engelske namneforma «Sylvester».

«Sylfest» i kulturen

Språk- og mediamannen Sylfest Lomheim er truleg den best kjende namneberaren i Noreg. Han har fortald i eit intevju at han skal ha fått jobb i NRK på grunn av det uvanlege namnet.

«Sylfest Strutle» var namnet på ein av Harald Heide-Steen jr. sine figurar, ein «strutlenorsk»-talande nynorskparodi.

Kjende namneberarar Sølfest Hansson Urdahl (1819–1878), norsk bonde, handelsmann og stortingspolitikar Sylfest Lomheim (f. 1945), norsk språkvitar og mediemann Sylfest Glimsdal (f. 1966), norsk skiskyttar

Sylvester: Sylvester Sivertson (1809-1847), norsk diktar Sylvester Stallone, (f. 1946) USA-amerikansk skodespelar

Kjelder

Folketeljingar i Digitalarkivet «Farvel, herr språkdirektør». NRK.no/Språkteigen søndag 25. juli Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav Kategori:Norske førenamn