Arnt er eit mannsnamn, ei kortform av det tyske namnet Arnold eller andre namn på Arn, som tyder 'ørn'. Sidefomer er Arent eller Arndt.

Arnt har i Noreg namnedag 1. desember.

Bruken av namnet i Noreg Namnet er i Noreg mest bruka på kysten frå Møre og nordover. Utbreiinga av namnet har gått jamt attover sidan førre hundreårsskifte:

I folketeljinga frå 1801 var om lag 1430 personar listeført ned namnet i formene Arnt, Arent, Arndt, Arendt mfl I 1900 var det rundt 4850 som hadde namnet i ei av desse formene, Arnt var då blitt vanlegast I 2008 er det 3445 som heiter Arnt til første fornamn, 28 Arent og 11 Arendt.

Kjende namneberarar Arnt Arntsson Wang (1791 - 1845), norsk stortingsmann Arnt Kristoffersson Seljelid, (1832 - 1880) norsk stortingsmann Arnt Haugen (1928-1988), norsk musikar Arent M. Henriksen, (f. 1946) norsk politikar Arnt Frode Jensen (f. 1953), ordførar i Herøy på Helgeland Arnt Birkedal (f. 1959), norsk forfattar

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av tysk opphav Kategori:Namn knytte til dyr