Torlaug er eit norsk kvinnenamn sett saman av det norrøne gudenamnet Tor og namneendinga -laug, som truleg tyder 'vigd til'. Den gamle norrøne forma, Þorlaugr, var eit mannsnamn. Torlaug har norsk namnedag den 27. november.
Namnet finst tradisjonelt også med skrivemåtane Tallaug og Tollaug i Noreg, Torlög i Sverige, Þórlaug på Island og Torleyg på Færøyane. Torleyg kan også vera eit mannsnamn. Moderne nærskylde mannsnamn på islandsk er Þorlaugur og Þórlaugur.
Bruk Det er 194 kvinner som heiter Torlaug i Noreg (SSB, 2008).
Kjende namneberarar Torlaug Karlsen, grunnleggjar av flyselskapet Kato Air Torlaug Løkensgard Hoel, professor ved Program for lærarutdanning ved NTNU
Kjelder nordicnames.de
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til gudar