Angarsk (russisk Анга́рск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg ved elva Angara, rundt 40 km nordvest for Irkutsk. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar.

Angarsk vart grunnlagt i 1948 som ein industriell busetnad og fekk bystatus 30. mai 1951.

Økonomi og næringsliv mini|venstre|Jernbanestasjonen i Angarsk Næringslivet i Angarsk består av oljeindustri, maskinbygging, metallhandsaming, treforedling, kjemisk industri og petrokjemi. Angarsk har den største industrisonen i den asiatiske delen av Russland. Angarsk er òg ein av hovudbyane i det russiske atomprogrammet.

Transport Byen ligg ved den transsibirske jernbanen. Innanfor bygrensene består kollektivtransporten av trikk, bussar og rutetaxi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angarsk» frå , den 30. november 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948