Ben Shalom Bernanke () er ein amerikansk økonom som var sentralbanksjef i USA frå 2006 til 2014.

Bernanke blei fødd i Augusta i Georgia i USA, og voks opp i Dillon i Sør-Carolina. Han studerte ved Harvard University og tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology. Etter dette underviste han ved mellom anna Stanford University og London School of Economics, og vart tilsett som professor ved Princeton University i 1985. Frå august 2002 til juni 2005 var han sentralstyremedlem i Federal Reserve, og vart deretter økonomisk rådgivar for Det kvite huset.

24. oktober 2005 nominerte president George W. Bush Bernanke til å etterfølgje Alan Greenspan som sjef for Federal Reserve, sentralbanken i USA. Bernanke vart innsett i stillinga 1. februar 2006 etter at det amerikanske senatet stadfesta nominasjonen til Bush ved ei avstemming 31. januar 2006.

Kjelder

Bakgrunnsstoff BBC-artikkel om nominasjonen

Kategori:Økonomar frå USA Kategori:Federal Reserve Kategori:Folk frå Sør-Carolina Kategori:Folk frå Georgia Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Elevar ved Harvard University